Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Idar får ikkje livforlengande hjartemedisin: ­ – Det er eit spørsmål på liv og død

(NRK.no) Idar Berget har fått avslag på den einaste medisinen som kan forlenge livet. No krev dei store pasientorganisasjonane at norske styresmakter blar opp for kritisk sjuke.

Idar Berget har berre fire esker igjen av hjartemedisinen sin. Når dei er tomme er det slutt på dei raude tablettane. Ei god helseforsikring har sørga for at han har fått den eksklusive medisinen sidan november. Men i august er det stopp.

Kvar morgon tek Idar Berget medisinen som bremsar den dødelege hjartesjukdommen. I august er det slutt.
Kvar morgon tek Idar Berget medisinen som bremsar den dødelege hjartesjukdommen. I august er det slutt. Foto: Jonas Otneim, NRK

Se innslaget på NRK Nyheter

Då misser han tablettane som for ei kort stund har bremsa utviklinga av den dødelege sjukdommen.

Eg synest at eit så rikt land som Noreg bør kunne prioritere å gje livsforlengjande medisin, seier 71-åringen.

For hos helsevesenet er det inga hjelp å hente. Tre gonger har dei som avgjer kva for medisinar norsk helsevesen skal bruke pengar på, vendt tommelen ned for tablettane til Idar Berget.

Dette er et spørsmål om liv og død. Veldig mange mennesker kunne fått et lengre og bedre liv. Og noen kan kureres helt, hvis de får tilgang til de nyeste medisinske fremskrittene.

Frode Jahren, generalsekretær i LHL
Frode Jahren, generalsekretær i LHL

Idar Berget på Sunnmøre gir likevel ikkje opp håpet om at tida arbeider for han og andre, og at politikarane etter kvart vil løyve meir pengar til fleire typar medisin.

No utnyttar han dagane så godt han kan, og veit at folk med hjarteamyloidose i snitt lever i tre til fem år frå diagnosen er stilt. Håpet er at norske styresmakter før den tid har sagt ja til dei raude tablettane han treng, og som kostar inntil 200 000 kroner i månaden.

Eg har eit godt liv i lag med familie og eg har ein del hobbyar som eg dyrkar. Det er klart at ønskjer å kunne leve det livet så lenge som mogleg, seier han.