Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny
Fra temakveld i LHL Os; Ynge Seterås, Karsten Berntsen og  Kristina Osebakken

Temakveld om hjerneslag og afasi i LHL Os

Kan det tenkjast noko stort verre for eit menneske enn å ikkje kunne gjera seg forstått?

Skodespelaren Yngve Seterås var tysdag på temakveld om hjerneslag og afasi i LHL Os. Han er leiar i LHL Afasiforeningen Bergen og omegn.

Å vera pleiar på ein sjukeheim i Bergen var første jobben Yngve Seterås fekk etter at han dimitterte frå førstegongstenesta i Forsvaret. Blant pasientane var ei kvinne som berre låg i senga si, utan å kunna uttrykkja eit einaste ord. Det gjorde sterkt inntrykk på den unge pleiaren å sjå at ho prøvde å seia noko, og ikkje klarte det. Han såg tårene i augo hennar. Men han fekk beskjed om at dei ikkje kunne gjera noko for henne, utanom å gje henne godt stell.

Afasi, ein svikt i evna til å bruka og forstå ord, er ikkje uvanleg etter hjerneslag. Sidan den gongen er helsevesenet blitt langt flinkare til å behandla pasientar med afasi. Då kona til Seterås, tidlegare stortingsrepresentant og odelstingspresident Ågot Valle, fekk hjerneslag med påfølgjande afasi for nokre år sidan, fekk ho raskt hjelp. M.a. hadde ho eit fire veker langt rehabiliteringsopphald på Sunnaas sykehus, og både han og resten av familien kunne merka framgang frå kvar gong dei snakka med henne. Så bra gjekk det at ho heldt opningsgstalen for Nordiske afasidagar i 2013.

For få logopedar

Men innsatsen må haldast ved like. Og her var hovudpoenget til Seterås: Det vert utdanna for få logopedar i Noreg, og fleire utdanningsstader er truga med nedlegging, m.a. den ved universitetet i Trondheim. Resultatet er at logopedane har lange køar og at kvar pasient får for få timar. For Ågot Valle har færre behandlingstimar ført til at ho er blitt mindre flink til å snakka enn ho har vore. – Ho kan nok ikkje halda helsingstale no, som Seterås sa.

Han la vekt på at for dårleg logoped-dekning er eit stort problem for mange. 12 000 får hjerneslag kvart år i Noreg, og ein reknar med at 25 % av desse får afasi.

Ein er blitt flink til å redda liv. Men pasientane skal leva eit liv etter hjerneslaget også.

Seterås oppfordra dei frammøte til å pressa på slik at politikarane gjer meir for å sikra dei rettane pasientane faktisk har.

Kristina Osebakken i Bjørnafjorden Logopedi opplyste at også her i kommunen er det for få logopedar.

Leiar i LHL Os, Karsten Berntsen, fortalte at LHL frå årsskiftet også er ein interesseorganisasjon for mennesker med afasi: 

Afasiforbundet blir en del av LHL

Temadelen av programmet vart avslutta med at Yngve Seterås las diktet «Vår beste dag» av Erik Bye – ein av landets finaste, men minst anerkjente lyrikarar, som han sa.

Materiell om afasi

Brosjyrer

For slagrammede, personer med afasi og deres pårørende.

Filmer

Filmer om afasi, og om hjerneslag.